Os kommune bygger ny barnehage i Os sentrum. Det blir ein barnehage med plass til 150 born. Næraste nabo er Os gymnas.
Os (nye) barnehage er planlagd ferdig i januar 2011. Det blir eit moderne, spennande bygg som skal vere attraktiv å sjå på og godt å drifte. Barnehagen skal ha 8 avdelingar. Bygget er prega av Reggio Emilia filosofien. Interiørmessig vil det seie at romma er lyse og luftige og har harmonisk fargesetting. barnehagen har fleire fagrom som skal nyttast av born og vaksne. Filosofien legg til grunn barn sine interesser, fokus og utviklingsnivå som styrande for det innhald dei vaksne skal organisere i kvardagen.
Når barnehagen står ferdig blir Os, Søfteland og Flåten kommunale barnehagar lagd ned. Alle born i desse barnehagane får tilbod om plass i den nye barnehagen. Kommunen har med denne barnehagen mange plasser å tilby born i Os. Ynskjer du plass i den nye barnehagen kan du søkje her.