Informasjon om barnehagen

Om barnehagen

Om barnehagen
Os barnehage er ein veldrive og tradisjonsrik barnehage i Osbygda. Barnehagen var den første "heildags" barnehagen i Os, og opna i 1978. Vi held til i Mobergshaugene, i naturskjøne omgjevnadar med utsyn over Os sentrum og kort, gangbar veg til alle "fasilitetar": Kulturhuset Fjellheim, det nye kulturhuset på Mobergsneset, biblioteket, kyrkja, kunstgalleri, brannstasjon og fleire flotte friluftsområde. Barnehagen har eit stort og spennande uteområde, med gras, knauser, fjell, skog og gangvegar med god plass til alle sortar aktivitetar.
Barnehagen har 58 plassar fordelt på fire avdelingar. Vi har 1 småbarnsavdeling til dei aller yngste, medan dei tre andre er for barn i alderen 2 - 5/6 år.
Om barnehagen